Fotograferte mykje i ungdomsåra med speglrefleks, men måtte legge hobbyen på hylla pga studiar og barn. Har tatt opp att hobbyen, og har kjøpt meg ny digital speglrefleks. Blir mest naturfotografering heime i vakre Jølster, som er eit paradis på jord for oss som likar fjell og natur. Ynskjer å syne det eg ser i linsa slik eg ser og tolkar motivet når eg står der med kameraet mitt, og brukar minimalt med etterbehandling i fotoprogram i ettertid.